Nyheiter
Ord om fjell - Lesja 21. april
2012-04-25
Laurdag 21. april arrangerte biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen Lunsj & lyrikk på Lesja. Der presenterte vi fjelldiktprosjektet Ord om fjell saman med dei gode støttespelarane våre Bjørn Sigurd Glorvigen og Even Lusæter som begge har bakgrunn i det lokale musikkmiljøet. Så langt har biblioteka samla i overkant av 300 dikt der fjell er tema. 52 av desse er publiserte som vekas fjelldikt i tekst, lyd og bilete. Bakgrunnen for prosjektet er regionen si satsing som Nasjonalparkriket og eit ynskje om å lyfte fram lokale forfattarar og lyrikk generelt. Så langt i prosjektet har den lokale lyrikken dominert. I 2012 vil fleire dikt av nasjonale naturlyrikarar bli publiserte bl.a. har vi nyleg lagt ut 24 dikt om fjell av Olav H. Hauge .
Ottadalsdiktarane i ord og tonar
2012-04-02
l For å markere stiftinga av laget som skal føre vidare Diktardagar, blir det invitert til festkveld på Fossheim i morgon tysdag 3. april kl. 19.30. Ove Røsbak vil kåsere om fjellyrikarane frå Lom, Skjåk og Vågå, musikk og song ved Reidar Svare, Geir Byre og Vemund Olav Aukrust, tre ungdommar framfører tekster dei skreiv på skrivekurset, Even Lusæter og Bjørn Sigurd Glorvigen spelar og framfører dikt. Programleiar: Magnhild Bruheim. Kaffe, te, kaker. Sal av øl, vin og mineralvatn. Inngang kr 100,- Barn/ungdom under 16 år kr 50,- Vel møtt!





